English homepage
Norsk heimeside

 

Kreativitet; I fyrste omgong i form av Hekling

Hekleprosjektet mitt byrja som kvile og medisin midt i eit salig kaos av utbrentheit. Det gav livet hakket meir meining då eg var sengeliggande. Eg forsøkte meg på jasminmaskar og utvikla eit eige mønster som eg kalla floral chains – ein kombinasjon av jasminmaskar og eit gamalt kniplingsmønster. 

Likevel så er det ikkje sjølve heklingi som er hovudfokus for dette prosjektet, men samfunnsrøysta. 

Eg trur til dømes ikkje eg er den einaste som har fått ein og annan kommentar på at eg har kapasitet til å hekla, men ikkje til å arbeida. 

Eg arbeidar med ei e-bok som samlar mønster, kvardagsvisdom (for ikkje å seia kvardagssmellar) og tørr humor: Hekling - Mirakelmedisinen som kurerar det meste.

Eg brukar i hovudsak mitt eige mønster i dette prosjektet og har designvern på tekstil hekla med floral chains. Floral Chains har blitt mitt varemerke – bokstaveleg talt – og fekk namnet sitt før eg visste kva det skulle brukast til. No heiter både firmaet mitt og logoen Floral Chains, du kan lesa meir om dette her: 

Floral Chains AS

Omrisset av boka er klart, men det vil ta litt tid å kvalitetssikra alle mønster og ferdigstilla den. I mellomtida kan du sjå bilete av mønstera som er med her. Gje gjerne ein lyd om du kan tenkja deg å testhekla nokre av mønstera.