Fagformidling med fokus på demens, eldreomsorg og Livet med ADHD
Hei, og velkomen hit! 🌿
Eg er lege med doktorgrad i alderspsykiatri og forfattar med eige forlag. Eg underviser på førespurnad i tillegg til skriving og eigne fagformidlingsprosjekt.
Bokserien Livet med ADHD handlar om ADHD, men òg om livet sjølv. Desse bøkene er fagleg forankra, men krev ingen forkunnskapar.
Eg legg vekt på å forklara fag på ein enkel og forståeleg måte.
Eg opnar for førehåndsbestilling av bøkene!
Trykte bøker på nynorsk
Eg lanserer no trykte bøker på nynorsk. Du kan førehandsbestille heile bokserien Livet med ADHD og få bøkene tilsendt så snart dei er komne frå trykk. Fyrsteopplaget er på 100 eksemplar og kjem med fargetrykk og stivt omslag.
I tillegg lanserer eg den illustrerte diktsamlinga Livet og fotoboka Floral Chains – Photo Edition. Begge bøkene inneheld foto og illustrasjonar frå Sogn. Fotoboka vert trykt i eit svært avgrensa opplag på 30 eksemplar.
Bøkene kjem òg for sal på Skapt i Sogn - Kunst og Handverk i Sogndal.
Her finn du oversikt over bøker og samlepakkar som kan førehandsbestillast.
📚 Den engelske versjonen av «Livet med ADHD» er no i CHADD sitt bibliotek
Eg er glad og takksam for at dei to første bøkene i serien Livet med ADHD no er tekne inn i biblioteket til CHADD – Children and Adults with Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder, den nasjonale ressursorganisasjonen for ADHD i USA.
Det betyr at bøkene no er tilgjengelege for foreldre, fagfolk, forskarar og personar med ADHD gjennom CHADD sitt bibliotek og katalogsystem.
Life with ADHD – Childhood og Life with ADHD – Adolescence handlar om å leva med ADHD – med kunnskap, erfaring og håp.
Bøkene er skrive for både dei som treng noko enkelt og nært, og for dei som ønskjer å fordjupe seg meir.
Takk til Rachel James og teamet ved CHADD for at dei såg verdien av prosjektet.
Dei har vurdert bøkene som eigna for biblioteket både for foreldre, pårørande, vaksne, ungdomar og fagfolk.
Dette er stort! 🌿
Du finn bøkene i biblioteket deira her;