English homepage
Norsk heimeside

 

Bokserie om Livet med ADHD

 

Trykk på bøkene over for meir informasjon om kvar einskild bok.

No kan du førehandsbestille trykte bøker på nynorsk. Dette er ei eksklusiv utgåve med fargetrykk og stivt omslag. Fyrsteopplaget er på 100 eksemplar.

Seinare vil bøkene òg kome ut som fysiske utgåver på bokmål og engelsk, då som pocket i svart-kvitt.

 

ADHD er i vinden som aldri før.

Likevel kan det kjennast som ein ganske einsam storm å stå i.

Eg hadde aldri trudd at eg skulle få diagnosen som vaksen.
Eg hadde jo alltid klart meg. Fungert. Prestert.
Men eg vart veldig liten i møte med hjelpeapparatet –
og eg veit at det er endå vanskelegare for mange andre.

Difor har eg skrive ein bokserie om livet med ADHD.
For å gjera det litt lettare – både for dei som har ADHD, og for dei som står rundt.

Eg har ein kort video ved sidan av med eit dikt og kjem til å leggja ut fleire videoar med meir informasjon om bakgrunnen for prosjektet.

Her kjem det òg til å koma ein del materiale som ikkje vart ein naturleg del av bøkene i serien "Livet med ADHD".


📘 Kva handlar bøkene om?

I bøkene skriv eg om kva vi veit – og ikkje veit – om ADHD i dag.
Eg deler erfaringar frå eige liv, refleksjonar frå samtalar med fagfolk, og tankar om korleis ADHD kan arte seg heilt ulikt hos ulike menneske.

Eg tar for meg tema som:

- Kvifor så mange blir misforstått – og kan miste fotfestet før dei får hjelp

- Korleis Livet med ADHD kan følast – og sjå ut – frå barndom til alderdomen

- Kva eg trur faktisk hjelper – og kvifor små grep kan bety mykje

Livet med ADHD kan vera ei stor belastning, men òg ei stor gåve. Eg trur det er lettare å ha det bra om ein viet meir om kvifor det er som det er. 


👥 Kven skriv eg for?

Denne serien er spesielt laga med tanke på deg som har eller lurer på om du har ADHD sjølv.
Men bøkene passar òg for:

- Pårørande og vener som vil forstå betre

- Lærarar, fagfolk og andre hjelparar som møter barn og andre med ADHD

- Deg som lurer på om du eller nokon du er glad i kan ha ADHD

Eg har skrive lettfatteleg, med mange illustrasjonar –
for deg som helst vil ha det enkelt og oversiktleg,
men òg for deg som kan mykje frå før og vil kjenna deg att.

Illustrasjonane har eg utarbeida i samarbeid med Kåre Ivar (ChatGPT) og/eller Erik S. Landsem (@elanseye) om ikkje anna er spesifisert.


💬 Kvifor dette prosjektet betyr noko for meg

Målet mitt er ikkje å gje ein fasit.
Men å gje eit innblikk – og eit medblikk.

Å løfta fram kor viktig det er å bli møtt som menneske – ikkje som eit problem.
For å få hjelpa ein treng.
Før det blir for tungt.
Før ein mistar fotfestet heilt.
Om du kjenner deg att, håpar eg du kjenner deg litt mindre åleine i livet med ADHD frå no av.

 


💬 Plan for lansering

No er alle bøkene ute for sal på norsk og engelsk som e-bok og lydbok.

Dei fyrste trykte bøkene kan førehåndsbestillast.

Nysgjerrig på serien? Her finn du eit gratis introduksjonshefte med meir om bakgrunnen og kva tema som vert løfta;

Finn bøkene for sal og gratis introduksjonshefte