Lege og forskar med brei erfaring frå demensomsorg, sjukeheim og tverrfagleg samarbeid.
Bakgrunnen min er både klinisk og samfunnsmedisinsk. Eg har phd i angst blant alderpsykiatriske pasientar.
No arbeider eg i skjeringspunktet mellom fag, praksis og formidling, og er oppteken av at kunnskap skal vere til nytte i kvardagen – for både tenester, fagpersonar og brukarar.
God fagformidling handlar ikkje om å forenkle bort innhald, men om å gjere komplekse samanhengar forståelege og handterlege.
Erfaring frå fleire perspektiv har gitt meg særleg innsikt i samanhengen mellom system, menneske og funksjon i praksis.
Eg er oppteken av at kunnskap skal vere til hjelp – ikkje ein ekstra byrde.
Difor nyttar eg språk, bilete og strukturar som gjer det komplekse forståeleg.
Levd liv er ikkje eit tillegg til faget, men ein nødvendig del av det.
Dette arbeider eg med
-
Fagformidling innan demens, aldring, psykisk helse og anna helsefag
-
Utvikling av metodar og strukturar for kommunal praksis
-
Undervisning og føredrag for kommunar, fagmiljø og leiarar
-
Forfattarskap og faglege bokprosjekt
-
Visualisering og strukturering av komplekst fagstoff
Alt arbeid er fagleg forankra og tilpassa praktisk bruk
🎓 Om formidling og fagleg ansvar
Alt eg deler her har eit fagleg grunnlag – men eg legg stor vekt på å formidla på ein måte som er til å forstå.
Eg gjer ein innsats for å seia det som det er – enkelt, forståeleg og ekte. Difor brukar eg mykje tid på:
- å forenkla utan å forflata
- å visualisera det som er vanskeleg å forklara
- å vera ærleg, ekte og tydeleg – utan å polera
Innhaldet eg lagar er ikkje meint som individuell rådgiving eller behandling, men som fagformidling.
Ønskjer du å dele noko av innhaldet, eller vurderer du samarbeid, kan du gjerne ta kontakt. Sjå òg informasjon om opphavsrett og bruksvilkår under kontakt.
Les meir om bokserien; "Livet med ADHD"