Anette Bakkane
Meld deg gjerne på nyheitsbrevet mitt i skjemaet ved sidan av.
Eg vert glad for førespurnader om samarbeid, undervisning eller tekstar – når form og familieliv tillet det.
Du kan kontakte meg på e-post:
Kva eg kan bidra med:
🔸 Undervisning og førelesingar
Eg har lang erfaring med formidling til både fagfolk, pasientar og pårørande – særleg innan demens og eldreomsorg. Eg utvidar gjerne horisonten om det er andre tema du ønskjer at eg dykkar inn i.
🔸 Teksthjelp og fagformidling
Har du behov for hjelp til tekst i helse- og omsorgstenesta, undervisningsmateriell eller pasientnær formidling/rådgjeving? Eg kan bidra med manus, rådgiving og kvalitetssikring.
🔸 Kreative prosjekt
Eg stortrives når eg kan vera kreativ og samarbeida på tvers av fag. Har du ein idé så kan me gjerne tenkja høgt i lag.
🔸 Samarbeid
Eg er open for både kort og meir langvarig samarbeid med fagpersonar, institusjonar og frivillige. Kommunehelsetenesta kjenner eg særleg godt. Eg bidreg gjerne inn i både plan- og prosedyrearbeid og har mykje å bidra med på mange område.
Eg trur det er mogleg å gjera ting både enklare og betre for å utvikla dagens helsetenester.
Vel eg å samarbeida med akkurat deg så får du grundig, fagleg forankra rådgjeving.
Eg legg imidlertid ikkje fingrane imellom om det er noko som skurrar og vert ikkje med på å bygga luftslott.
Målet med arbeidet mitt skal vera ei positiv utvikling for dei som treng det; pasientar, brukarar og deira nære.
Eg stiller på intervju, podcastar og faglege medieinnslag etter kapasitet.
NB: Eg har ikkje kapasitet til å følgje opp einskildpersonar som behandlande lege eller rettleiar i systemet. Hadde det fungert så hadde eg vore i arbeid som lege. Det eg tilbyr er kunnskapsformidling, fagressursar og kreative uttrykk – ikkje individuell rådgjeving.
For personlege helsespørsmål: kontakt fastlege eller andre relevante instansar.
Viktig å vite
Eg har opphavsrett til alt innhald på denne nettsida og det eg deler via @floralchain.
Du er velkomen til å dele lenkjer og visa til arbeidet mitt, men det må ikkje brukast vidare utan avtale.
Nyheitsbrevet
Finn meg i sosiale media