English homepage
Norsk heimeside

Medieoppslag og intervju – ADHD, forfattarskap og personlege erfaringar

 

Eg trivst best utanfor rampelyset, men då eg var på mitt dårlegaste lova eg meg sjølv at når eg vart frisk nok, skulle eg ta steget ut i verda. Erfaringane mine var så spesielle at eg ville bidra til at andre slapp å hamne i same situasjon.

Podkast: Mann i Krise med Sagen – ærlege samtalar om livets utfordringar

Eg valde først å snakke med Mann i Krise med Sagen (Kim André Sagen) fordi han traff noko hjå meg. Han snakkar ærleg og direkte om eige liv – mellom anna om å vere barn med kreftsjukdom og om å få eit barn med spesielle behov. Han løftar mange viktige tema på ein reflektert og god måte, og eg tenkjer han har ei viktig samfunnsstemme. Podkasten hans er starta ut frå engasjement, ikkje profitt, og er gjort på ein gjennomført og ekte måte.

Her er lenkje til intervjuet eg var med på; Podkastintervju: Mann i Krise med Sagen om ADHD, utbrentheit og livserfaring.

Søkjer du på Mann i Krise finn du podcasten hans på alle vanlege kanalar. Eg har høyrt dei fleste episodane hans og heng fortsatt med, han er vel verdt tida di.

Her er lenkje på spotify til alle spisodane hans; Mann i krise med Sagen

 

Radio Luster – lokalradio med hjarte for både smått og stort

 

Radio Luster snappa opp podcasten eg hadde vore med i gjennom facebook. Kristen Ormberg er Bestemor mi sin nabo frå gamalt av og ei av eldsjelene som driv Radio Luster på dugnad. Dei løftar fram stort og smått i lokalsamfunnet. Intervjuet mitt om podcasten finn du her; 

Eg har òg hatt nokre faglege innslag i Radio Luster, desse finn du under fana publikasjonar eller via denne lenkja; Faglege publikasjonar og medieinnslag

 

Sogn Avis: Portrettintervju

Sogn Avis kom på besøk til meg på Hafslo. Dei laga eit portrett i samband med lanseringa av første boka i serien Livet med ADHD. Me snakkar om bakgrunnen for prosjektet, korleis bøkene har vakse fram, og korleis eigne erfaringar og fagkunnskap har blitt til litteratur og formidling.

Her finn du intervjuet; Intervju med Sogn Avis om Livet med ADHD bokserien og utbrentheit