English homepage
Norsk heimeside

KJEDEARBEID – ein praktisk arbeidsmetode for ulike nivå av helse- og omsorgstenesta.

Kjede­arbeid er ein strukturert arbeidsmetode for å gjera kompliserte utfordringar forståelege og handterbare.

Denne måten å arbeide på krev ikkje pugging eller nye system. Utgongspunktet er grunnleggande forståing av menneskeleg fungering og behov. Eksempel er valgt ut og bearbeidd for å treffa personale med ulike forkunnskapar. 

Formål og nytte

Kjede­arbeid er utvikla for å dekka mellomromma mellom fagkunnskap, retningslinjer og praksisforståing.

Metoden gir ei praktisk ramme for å forstå kva som skjer og kvifor, slik at ein kan møte ulike utfordringar med rett verktøy. 

Aldring og helse har mange solide verktøy. Eg bidreg med ei dynamisk bruksanvisning. 

Dette styrker fagnivået og gjer samhandlinga lettare. Ein lukar vekk tiltak som ikkje treff og ser raskare kva som krev samarbeid med andre.

Med rett verktøy til rett tid flyt både dokumentasjon/kommunikasjon lettare

Innhald og utforming

Arbeidsmaterialet er praksisnært og illustrert for å gjere det pedagogisk og tilgjengeleg. Dette aukar samstundes den indre motivasjon til dei tilsette.

Metoden er bygd opp rundt kjende faglege tema og supplert med døme frå kommunal kvardag.

Det er med ein oversikt over kartleggingsverktøy/gratisressursar og korleis ein kan nytte desse i praksis

Sorteringa av verktøy gir tydeleg skilje mellom det ein nyttar for å yte helsehjelp og meir administrative kartleggingar.

Praktisk

Arbeidsmetoden kan nyttast innanfor gjeldande organisering og tilpassast ulike tenester og målgrupper. Eksempelvis helse- og omsorgstenesta som heilheit eller avgrensa tenestegrupper. 

Målform tilpassast etter ønskje.

Fagleg ståstad

Alt innhald er fagforankra og i tråd med nasjonale føringar samt anbefalingar frå Aldring og helse. Grunnprinsippet er at ein ved å tenkja heilheit kan forenkla utan å forflata.

Dette gir eit stødigare fagleg grunnlag for prioriteringar, samhandling og vidare utvikling av tenesta.