English homepage
Norsk heimeside

 

Floral Chains - Photo Edition

 

Floral Chains – Photo Edition er ei fotobok som utforskar stille rom og gjentaking.

Boka består av eigne fotografi frå Sogn, presenterte i eit roleg og konsentrert uttrykk. Arbeidet krinsar rundt nærvær, struktur og overgangar – visuelt og mentalt.

Arbeid med ei digital fotobok for ein ven, samt deltaking på utstilling med lokale kunstnarar, gav ønskje om å samle eigne verk i ei bokutgåve. Det som først var tenkt som ei enkel e-bok med illustrasjonar, vart i staden vidareutvikla til ei trykt kunstbok med eigne fotografi. Med tida kjem det kanskje eigne utgåver med dei beste illustrasjonane òg.

Denne utgåva kjem i avgrensa opplag på 30 eksemplar.
15 av desse vert selde som del av samlepakkar. Resterande bøker er tilgjengelege hjå Skapt i Sogn – Kunst og handverk. Der finn du òg dei andre bøkene mine.

Førehåndsbestill samlepakken her