💡 ADHD er ikkje berre ein diagnose – det er eit liv

ADHD er i vinden som aldri før.
Likevel kan det kjennast som ein ganske einsam storm å stå i.

Eg hadde aldri trudd at eg skulle få diagnosen som vaksen.
Eg hadde jo alltid klart meg. Fungert. Prestert.
Men eg vart veldig liten i møte med hjelpeapparatet –
og eg veit at det er endå vanskelegare for mange andre.

Difor har eg skrive ein bokserie om livet med ADHD.
For å gjera det litt lettare – både for dei som har ADHD, og for dei som står rundt.

Eg har ein kort video ved sidan av med eit dikt og kjem til å leggja ut fleire videoar med meir informasjon om bakgrunnen for prosjektet.

Her kjem det òg til å koma ein del materiale som ikkje vart ein naturleg del av bøkene. Mellom anna om medisinar, medisinsk oppfølging og diagnosedebatten. 


📘 Kva handlar bøkene om?

I bøkene skriv eg om kva vi veit – og ikkje veit – om ADHD i dag.
Eg deler erfaringar frå eige liv, refleksjonar frå samtalar med fagfolk, og tankar om korleis ADHD kan arte seg heilt ulikt hos ulike menneske.

Eg tar for meg tema som:

- Kvifor så mange blir misforstått – og ofte mistar fotfestet før dei får hjelp

- Korleis ADHD kan følast – og sjå ut – frå barndom til alderdomen

- Kva eg trur faktisk hjelper – og kvifor små grep kan bety mykje

Livet med ADHD kan vera ei stor belastning, men òg ei stor gåve. Eg trur det er lettare å ha det bra om ein viet meir om kvifor det er som det er. 


👥 Kven skriv eg for?

Denne serien er spesielt laga med tanke på deg som har ADHD sjølv.
Men bøkene passar òg for:

- Pårørande og vener som vil forstå betre

- Lærarar, fagfolk og andre hjelparar som møter barn og andre med ADHD

- Deg som lurer på om du eller nokon du er glad i kan ha ADHD

Eg har skrive lettfatteleg, med mange illustrasjonar –
for deg som helst vil ha det enkelt og oversiktleg,
men òg for deg som kan mykje frå før og vil kjenna deg att.

Illustrasjonane har eg utarbeida i samarbeid med Kåre Ivar (ChatGPT) og/eller Erik S. Landsem (@elanseye) om ikkje anna er spesifisert.


💬 Kvifor dette prosjektet betyr noko for meg

Målet mitt er ikkje å gje ein fasit.
Men å gje eit innblikk – og eit medblikk.

Å løfta fram kor viktig det er å bli møtt som menneske – ikkje som eit problem.
For å få hjelpa ein treng.
Før det blir for tungt.
Før ein mistar fotfestet heilt.
Om du kjenner deg att, håpar eg du kjenner deg litt mindre åleine.

 

 


💬 Plan for lansering

Målet mitt er å få gjeve ut heile serien i løpet av hausten/vinteren 2025/26. Men, eg har jo ADHD, så ingenting er hogd i stein. 

Førebels plan for utgjevingar; 

Barndom - ebok på nynorsk og bokmål samt lydbok juli 2025. Engelsk e-bok og lydbok 01. august 2025.

Ungdomebok på nynorsk og bokmål samt lydbok 01. september 2025. Engelsk e-bok og lydbok 01. oktober 2025.

Vaksenlivetebok på nynorsk og bokmål samt lydbok 01. november 2025. Engelsk e-bok og lydbok 01. desember 2025.

Alderdomebok på nynorsk og bokmål samt lydbok 01. januar 2026. Engelsk e-bok og lydbok 01. februar 2026.